|
|
|
Oppdatert 04.03.07 Vatna på StordBilder frå Hardangervidda
|
Detta er livet!
Eg bur på ei øy som heiter Stord og som ligg mellom Bergen og Haugesund. Her er det ypperlege høve for å svinga fluestanga! Me har ein mengde vatn her på øya. Dei fleste er "overbefolka". Dette gjer fisken noko småfallen, men til gjengjeld er ikkje fisken så altfor vanskeleg å få på kroken. Det er veldig bra for ungane som skal prøva fiskelukka dei fyrste gongane. Ein del vatn husar dog fin aure med god kondisjonsfaktor. Me har også ein særs fin skjærgard som husar flott fisk. Det er nok ikkje så vanleg å sjå nokon stå på svaberga å svinga fluestanga enno, men det kan anbefalast på det sterkaste! Det står mykje fin lyr og lurer rundt nesa og ein skal ikkje mange metrane frå land før dei bit. Fantastisk å sjå lyr på 4-5 kg ta flua!! Sjøaure har me òg. Den beste plassen for det er nok Dåfjorden som ligg på vestsida av øya. Dei siste åra er nok ein del av dei mest ihuga fluefiskarane blitt oppmerksame på havabboren! Den er ein relativ ny art i våre farvatn, men har nok vore her ei stund utan at me har vore klar over han. Ein knall fisk å fiska etter, sprek som tusan, men kan vera vanskaleg å finna! Det gjer han jo ekstra spesiell å få! For all del, SLEPP FISKEN UT ATT, er ikkje så mange av han. Eg har også tenkt å ta med litt frå turane eg har hatt saman med gode vener på Hardangervidda. Desse turane har for det meste gått frå Tinnhølen og innover mot Litlos, Nilsbunuten og området der omkring. Det er ein utruleg fin plass med maaange vatn å dyppa fluene sine i. Mykje fin fisk er det og! Terrenget er ganske flatt og lettgått. Ta turen! Ein del laksefiske har eg og tatt med sidan det er blitt ein del av fiske mitt. Sjøaure har alltid stått mitt hjerta nermast, med sein kveld, nattfiske og tidleg morgonfiske som noko spesielt, fargespel, naturen som legg seg for natta og vaknar når lyset demrar........MÅ OPPLEVAST..........
|
|
|